Eikelandsosen bedehus er eigd av medlemmene. Alle son vedkejnner seg vedtektene kan verta medlemmer.

Frå vedtektene:

- Eikelandsosen bedehus tilhøyrer kristenfolket i bygda som nyttar bedehuset tilforsamlingshus, og som vedkjenner seg den evangelisk-lutherske læra.

- Huset skal nyttast til verksemd som har til føremål å vekkja og styrkja sann kristen tru og sant kristent liv i samsvar med Guds ord etter den evangelisk-lutherske vedkjenninga.

- Alle organisasjonar og lag som arbeider innanfor ramma som er nemnt i paragraf 2, har rett til å bruka huset.

- Når det ikkje kjem i vegen for bruken av huset etter paragrafane 2 og 3, kan huset også nyttast til møte og tilstellingar for gode og allmennyttige føremål. Det er ikkje tillate å arrangera tilstellingar med dans. Nyting av rusgifter er forbode.

Sist oppdatert 24.01.2012 kl. 11:11